Frisør i Olden
Hos Yu Studio skal du føle deg heime, berre med enda finare hår når du går. Set deg godt til rette, nyt ein kopp kaffi så tek eg meg av resten.
Om Yu Studio
Yu Studio er ein liten salong som held til i Olden, i samme lokale som DAFF. Eg starta Yu Studio i Olden fordi eg lengta heim til fjord og fjell og kjende at tida var inne for å stå på egne bein.
Eg heiter Maria Opheim Drageset, og eg har klipt, farga og prata med kundar i over 10 år. Hos meg fins det ingen dumme spørsmål og ikkje noko stress. Kun deg, meg og håret ditt. Ja, og saksa då.
Prisar
Prisane er rettleiande og kan variere med hårlengd og tjukkleik. Usikker? Spør meg gjerne, så finn vi ut av det saman!
Funne noko du har lyst på? Vi sjåast i stolen!
Bestill time
Gåvekort
Leitar du etter ei gåve som alltid passar? Eit gåvekort frå Yu Studio er perfekt til bursdagen, jula, eller berre fordi nokon fortener litt ekstra stell.
Gåvekortet kan kjøpast i salongen. Kontakt meg eller kom innom så fiksar vi det. Du bestemmer sjølv beløp og det er gyldig eit heilt år!
Frå stolen
Nye klipp, friske fargar og små glimt frå kvardagen i studioet. Kom og sei hei der òg!
Ofte stilte spørsmål
Her er svara på det folk spør meg aller mest om. Finn du ikkje det du leitar etter, er det berre å sende meg ei melding.
Trykk på «Bestill time» øverst på sida, så kjem du rett til bookinga. Der ser du alle ledige tider og vel den som passar deg best.
Livet skjer! Gi beskjed seinast 24 timar før timen din, så er det heilt gratis. Avbestiller du seinare, eller ikkje dukkar opp, vil timen bli belasta i si heilheit.
Ved forsinka ankomst på 15 minutt eller meir, vil eg forkorte eller avlyse behandlinga avhengig av kapasitet. Fullpris vil fortsatt gjelde sjølv om timen blir forkorta eller avlyst.
Blir du forhindra i å møte opp, ver vennleg og kontakt meg så snart som mogleg, så finn vi ei alternativ løysing saman.
Du finn Yu Studio i Fjordvegen 1655 i Olden, i same lokale som Drageset Akupunktur og Fysioterapi (DAFF). Det er til og med same inngong og venterom!
Skal du gjere ei stor endring, til dømes frå mørkt til lyst, anbefaler eg ein kort konsultasjon først. Då pratar vi om ønske, hår og pris. Heilt uforpliktande sjølvsagt.
Alt frå rundt 30 minutt for ein barneklipp til 3 timar for striping og større behandlingar. Du finn tida for kvar behandling i prislista.
Du kan betale med kort eller Vipps.
Eg brukar Aveda sine produkt, som du òg får kjøpt i salongen. Aveda er 100 % veganske, plantebaserte og testar ikkje på dyr. Snille mot både hår, hovudbotn og naturen. Spør gjerne om tips til stell heime!
Massevis! Du kan parkere rett utanfor salongen, ved Sundebygget i Olden.
Absolutt! Born er hjarteleg velkomne, både i stolen og som heiagjeng.
Kontakt meg
Lurer du på noko? Ring, send ei melding eller stikk innom. Eg svarar så fort saksa tillèt det!
Passar ingen av tidene? Send meg ei melding, så finn vi ei løysing.